«Strid om tid» – Kvifor får vi kamp om arbeidstida? – Møte 26. sept

Vi har invitert innleiarar og debattantar med breitt kjennskap til temaet.

NB Merk møtestaden: Pilestredet 46, rom PA308.

Tema

  • Arbeidstid stod sentralt i striden om regjeringa sine forslag til endringar i Arbeidsmiljølova i 2015. Ikkje før var endringane sette i verk, så blussa striden opp att då det regjeringsoppnemnde «Arbeidstidsutvalet» la fram innstillinga si tidlegare i år.
  • Er arbeidstid ei så grunnleggande interessemotsetning at det blir ein evig strid?

eller

  • Har vi kunnskap som kan gi grunnlag for felles løysingar?

Innleiarar

Ingeborg Moen Bergerud – advokat, med arbeidsrett som spesialområde, partner i advokatfirmaet Arntzen de Besche. Leiar for Arbeidslivslovsutvalet (2004),  medlem i arbeidstidsutvalet (2016).

Ebba Wergeland – lege, forskar og spesialist i arbeidsmedisin, forfattar og debattant. Ho har sin yrkesbakgrunn m.a. frå Arbeidstilsynet.

Debattantar

Solveig Kopperstad Bratseth, nestleiar i Unio og i Norsk sykepleierforbund.

Anne Turid Wikdahl, arbeidslivsdirektør i Spekter –  utgår. Vi har fått inn  avdelingsdirektør Anne-Cathrine Hjeraas fra KS i staden.

Påmelding, helst innan fredag 23. september.

V E L K O M M E N!

Legg igjen en kommentar