Varsling – verdifullt, men vondt og vanskeleg?

Norsk Arbeidslivsforum (NALF) inviterar til temamøte tirsdag 13. november 2018 kl. 14:15 – 16:15, i OsloMets lokalar i Pilestredet 46, 3. etasje, KK-lounge (endret fra Styrerommet).

Varsling og fleire varslingssakar har vore høgt på dagsordenen gjennom fleire år. Varsling er konfliktfylt, og det har også vore ein heftig debatt om korleis varsling kan og skal fungere. Varslarane tar ein høg risiko, og mange meiner varsling er nyttelaust.

Likevel – varsling er ein verdi både for verksemdene og for samfunnet, så korleis gjer vi det?

Eit regjeringsoppnemnd utval, «varslingsutvalet», leverte i vår innstillinga NOU 2018-6 – Varsling – verdier og vern.

Aktuelle spørsmål:

  • Kva er varsling?
  • Kva er skilnaden på ein klage og eit varsel?
  • Kva inneberer varslarvernet i praksis?
  • Både varslarane og verksemdene/leiinga må høyrast. Korleis skal rettstryggleiken sikrast for alle parter?
  • Kan eit varslingsombod vere til hjelp?

Innleiing ved leiar i varslingsutvalet, Anne Cathrine Frøstrup

Synspunkt og kommentarar frå:

Anne-Kari Bratten, administrerande direktør i Spekter

Kjetil Rekdal, forbundsstyremedlem i Politiets Fellesforbund og i Unio.

Påmelding, helst innen fredag 9. november.